NRK Meny
Normal

Kongshaug seier ja

Leif Helge Kongshaug (V) vil ha fire år til på Stortinget.

Leif Helge Kongshaug
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Stortingsrepresentanten frå Averøy har kjempa seg tilbake etter at han fekk blodkreft i 2005. No har han sagt ja til å bli renominert i toppen av stortingslista til Venstre i Møre og Romsdal ved valet neste år.

Her finn du meir om Leif Helge Kongshaug

Helsa er god

- Eg seier ja fordi eg har eit glødande engasjement for norsk politikk og ei veldig interessant oppgåve som ombod for Møre og Romsdal, seier Kongshaug.

- Har du helse til fire nye år på Stortinget?

- Legane seier at det ikkje er teikn til sjukdom lenger, og eg kjenner meg like frisk som andre. Ingen veit kva morgondagen bringer, men eg føler at helsa er tilbake - eg har fått livet i gåve på nytt. Forma er som hos eit gjennomsnittsmenneske på min alder, og ho skal bli endå betre når eg får sommaren på meg og får endå meir fysisk trening.

Venstre i medvind

- Partiet ditt fekk eit løft ved valet i 2005 og gjer det godt på meiningsmålingane?

- Ja, vi har vore det største sentrumspartiet i lengre tid og har ei jamn tilstrøyming av medlemmer og veljarar. Venstre har saker som folk er opptekne av, derfor kjem vi til å gjere det godt ved Stortingsvalet dersom vi greier å setje fokus på politikken vår.

Borgarleg regjering

- Då kan Venstre komme på vippen?

- Det er vanskeleg å seie kva konstellasjonar vi kan få. Den raud-grøne regjeringa er etter alt å dømme ferdig, folk vil ikkje ha den lenger. Det nye regjeringsalternativet er eit borgarleg samarbeid mellom Venstre, Høgre, Kristeleg Folkeparti - og gjerne Senterpartiet. Eg ser teikn på ei rørsle i Sp inn mot den sentrumsposisjonen der dei høyrer heime, seier Leif Helge Kongshaug.

Gunn Berit Gjerde har vore vararepresentant for Kongshaug. Ho satsar ikkje på rikspolitikken i den neste stortingsperioden.

Gjerde: farvel til rikspolitikken