Hopp til innhold

Kongeparet gratulerte

- Takk for sist og gratulerer med dagen, sa kong Harald og dronning Sonja til ordførar Aud Mork då dei laurdag kl. 18 kom til opningshøgtida for Ormen Lange-anlegget på Aukra.

Kongeparet kjem til Aukra

- Gratulerer, Aud Mork!

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ordførar Aud Mork fekk også ein god klem av dronning Sonja på denne kanskje største dagen i tida hennar som ordførar i det som er blitt gasskommunen Aukra.

Aud Mork og barn frå Aukra

Aud Mork og born frå Aukra ventar på kongeparet

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

- Det var kjekt å sjå dykk igjen, sa Aud Mork, som sist møtte kongen og dronninga på Aukra i 2003. No går ho av som ordførar. Til NRK Møre og Romsdal seier ho at ringen no er slutta, og at ho er glad for å oppleve som ordførar opninga av det gassanlegget ho var med på å få lagt til kommunen.

- Eg er glad og stolt over det vi har fått til, og eg trur dette blir eit nøkkelpunkt for næringslivet i distriktet, seier Aud Mork.

Kongeparet kjem til Aukra

Kongeparet og fylkesmann Ottar Befring møter born frå Aukra

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL