Kongens Fortenestemedalje til Fiske

Kunstnaren Nils Fiske vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i dag. Ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard overrekte medaljen og sa mellom anna at Fiske har teke initiativ til og lagt ned fleire timar frivillig innsats i kunst og formidling av kulturopplevingar. Han var mellom anna illustratør i bokserien «Folketoner frå Nordmøre». Fiske vil også bli invitert til mottaking på Slottet og audiens med Kongen.

Nils Fiske tildelt Konges fortjenestemedalje
Foto: Hans Einar Ohrstrand