Hopp til innhold

Slo etter kongen sine livvakter med fiskestong

Like etter at laksefisket byrja natt til laurdag, måtte Kong Harald sin livvakter legge ein lokal, full fiskar i bakken.

Kong Harald fiskar i Eira

Kong Harald fekk aldri fisk i elva Eira, men det blei oppstyr like etter at laksefisket byrja.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var Romsdals Budstikke som melde om saka onsdag.

Politiet melde aldri om saka, verken på Twitter eller i politiloggar, då dei ønskte minst mogleg oppstyr rundt kongen sitt besøk.

Ifølgje Romsdals Budstikke var det ein mann i 50-åra frå Molde som skal ha nekta å flytte seg for den kongelege gruppa.

– Det skjedde natt til laurdag, klokka 00.33. Det var ein rusa, utagerande mann som skapte eit ordensproblem ved Eira, opplyser operasjonsleiar Odd Nygård til NRK.

Slo etter livvaktene

Mannen skal ha slått etter kongen sine livvakter med ei fiskestong, noko som gjorde at vedkommande blei lagt i bakken av livvaktene, skriv Romsdals Budstikke.

– Kongen var like i nærleiken, og livvaktene handterte situasjonen før dei melde frå om hendinga til oss. Dei ønskte bistand frå politiet, fortel Nygård til NRK.

20 minutt etter hendinga var politiet på staden.

– Mannen, som var rusa og utagerande, blei teken hand om og køyrt til fyllearresten.

Blir meldt

Nygård seier til NRK at han er usikker på kor vidt mannen veit at han krangla med kongen sine livvakter.

Etter natta i fyllearresten blei mannen meldt.

– Forholdet blir, frå vår side, meldt som ei ordensforstyrring, seier Nygård.

Den heller uvanlege hendinga var vel blant det einaste dramatiske kongen opplevde på fisketuren, for fisk blei det ikkje:

Kongen på laksefiske i Eira

Kong Harald var, i helga som gjekk, på laksefiske i Eira. Det blei aldri fisk ...

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL