Noko av det viktigaste for dei som er med på spelet er å kunne fornye seg frå år til år. Når folk skal kome tilbake for å sjå spelet vil dei gjerne ha noko som er litt annleis frå eit år til eit anna.
Dette er noko både regissør og skodespelarar er opptekne av.
NRK er på Kongsvollen og får med seg ei av dei mange øvingane som er før premieren laurdag 9.august. Ikkje alle er samla på Kongsvollen denne litt grå dagen, men dei som er med gir full innsats.
Regissør Oddbjørn Anders Hagen .
Foto: Arne Flatin / NRKRegissør Oddbjørn Anders Hagen leiar skodespelarane til sine plassar til dei ulike scenene og gir instruksar på førehand. Mange av skodespelarane er veteranar og kan sine saker etter fleire år i dei same rollene.
Sande og Wiik
Blant desse er Odd Kåre Wiik og Arild Sande. To karar som har underheldt folk i Sande og nabokommunane med humor i mange år. For humor er ein svært viktig ingrediens i spelet, kanskje den aller vikitgaste, seier Wiik til NRK.
I følgje heimesida til Kong Arthurspelet er dette eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolsøya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå.
Arild Sande og Odd Kåre Wiik, veteranar i Kong Arthur-spelet
Foto: Arne Flatin / NRK- Sjå TV-reportasjen: