NRK Meny
Normal

Ga konfliktrådet hakeslepp då han møtte guten som øydela livet hans

Ein eldre mann ville ta sitt eige liv etter å ha blitt utsett for vald i sin eigen heim. Men etter møte med den unge gjerningsmannen i Konfliktrådet gjekk han frå gråt til eit smil om munnen.

Seminar i konfliktrådet i pinsekirka i Ålesund

Under Konfliktrådets seminar i Ålesund tysdag vart det informert om ein ny straffe-art som skal vere eit alternativ til ubetinga fengsel og streng samfunnsstraff.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Kvifor skulle han møte mannen som ruinerte livet hans? Han mangla tenner og hadde brotne bein etter innbrotet, og ville aldri føle seg trygg igjen.

Trudde han.

I etterkant av møtet med den unge guten sa mannen at han hadde fått livet tilbake. Han tok guten i hendene, og sa noko ingen hadde venta seg.

– Meiner du at du vil stille opp for han?

– Det er klart det, sa mannen, som lenge gjekk på medisin for å roe nervane.

Hakeslepp

Ketil Leth-Olsen i Konfliktrådet

Ketil Leth-Olsen er nasjonal koordinator for ungdomsoppfølging og ungdomsstraff. I jobben møter han mange fortvilte ungdommar som etter litt jobb ønskjer å forandre livet sitt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ketil Leth-Olsen viste video av dette møtet under eit seminar for Konfliktrådet tysdag føremiddag. Han har vore med på svært mange slike møte, og får hakeslepp kvar einaste gong.

Som nasjonal koordinator for ungdomsoppfølging og ungdomsstraff møter han ofte unge menneske som angrar sårt etter å ha påverka livet til andre.

– Her må vi motivere ungdommane. Dei må sjå eit lys i tunnelen, og deretter opplever dei å få klapp på skuldra frå lokalsamfunnet – som dei etter kvart kan vere ein ressurs for.

Kriminaliteten rasar

Ketil Leth-Olsen i Konfliktrådet

Leth-Olsen er svært engasjert i ungdommar som ofte fell utanfor.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Straffearten ungdomsstraffa er ny og blei innført 1. juli i år. Trondheim, Oslo, Kristiansand og Stavanger bygde opp dette prosjektet over ein prøveperiode.

Rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet, Anne Brita Normann, fortel at dette prosjektet er bygd på prinsippa i FNs barnekonvensjon.

I Trondheim, der Leth-Olsen er prosjektleiar, gjekk ungdomskriminaliteten ned med over 50 prosent. Berre åtte prosent gjekk tilbake til kriminaliteten.

– Dette prosjektet handlar om ungdommane som glepp som såpe i såpevatn frå politi, barnevern og det offentlege. Vi vil skreddarsy ein oppfølgingsplan for desse ungdommane, fortel Leth-Olsen.

Store konsekvensar

Ungdomsstraffa og ungdomsoppfølging handlar om å forplikte desse personane til å gå på skule, gjennomgå eit rusprogram eller å gjere noko med eigen oppførsel.

For å få til dette bruker Konfliktrådet barnevernet og kontrollfunksjonen til politiet.

– Det er viktig at ungdommane ser at kriminalitet har store konsekvensar for dei råka, sin eigen familie og for seg sjølv.

– Det vil aldri skje igjen

Når desse ungdommane får positive tilbakemeldingar vil dei forandre seg. Gjerningsmannen som braut seg inn og slo den eldre mannen tenkte ikkje langsiktig då han gjorde det.

Under møtet i Konfliktrådet kom det fram at han angra bittert.

«Eg håper at han klarer å finne roa slik at han får det fint resten av livet. Eg gir deg mitt ord på at det aldri vil skje igjen», sa den unge mannen.

Då tok dei kvarandre i hendene, og bestemte seg for at dei godt kunne halde kontakten.

– Eg får hakeslepp kvar einaste gong, seier Leth-Olsen, som meiner slike møte er avgjerande for at ungdommane skal kome seg ut av kriminaliteten.

Artikkelen held fram under biletet ...

Seminar for Konfliktrådet i pinsekirka i Ålesund

Konfliktrådet hadde torsdag seminar for sine eigne, politi og andre offentlege instansar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Vil gi tilbake

Det viser seg i dei aller fleste tilfella at ungdommane har empati.

– Dei får lyst til å gjere noko tilbake, og det blir vekt i slike møter. Då er det mange som ser ressursane i desse unge menneska.

Betre enn før

Konstituert politimester Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt

Konstituert politimeister Ingar Bøen seier at prosjektet ungdomsoppfølging og ungdomsstraff er betre enn den tidlegare ordninga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Konstituert politimeister, Ingar Bøen, i Sunnmøre politidistrikt fortel at det nye prosjektet er meir utvida enn før, og oppfølginga er nærare og tettare enn tidlegare.

– Denne nye straffearten er ein reaksjon på at dei gamle måtane å straffe ungdommar på kanskje ikkje er gode nok, seier Bøen.

Følgjer dei gjennom straffesaka

Både politi, konfliktråd og barnevernet følgjer ungdommane tett heilt til straffesaka er over.

– Vi veit ikkje korleis det går i ettertid, men det er ikkje meininga at dei skal vere i kuvøse resten av livet, seier Leth-Olsen.

– Dei fleste innrømmer å ha opplevd meistring og at dei ser positivt på vegen vidare.