Hopp til innhold

Kondolanseprotokoll

I dag tidleg blei det lagt ut kondolanseprotokoll på Ålesund rådhus.

Radioreportasje om kondolanseprotokollen

Kondolanseprotokoll
Foto: Terje Reite / NRK

I dag er det ei veke sidan raset i Fjelltunvegen. I går blei dei fem sakna erklært omkomne.

Saman i sorga

Ordførar Bjørn Tømmerdal var den første som skreiv i protokollen. - Eg skreiv at vi står saman i sorga. Det synest eg beskriv den situasjonen vi står i. Eg har opplevd det slik heilt sidan ulukka inntraff for ei veke sidan. Og det pregar oss framleis sterkt.

Kondolanseprotokoll

Framsida på kondolanseprotokollen, med namna på dei fem omkomne.

Foto: Terje Reite / NRK

Enkelt og verdig

Ålesund kommune har lagt ut protokollen lett tilgjengeleg i første etasje ved hovudinngangen på rådhuset. Der er det sett opp eit bord som er pynta med mellom anna lys og blomar. Her er det mogleg å setje seg ned i fred og ro, og skrive kondolansen i protokollen. - Vi forsøkjer å gjere det så innbydande og enkelt at alle kan føle at det skal vere mogleg å delta i sorga ved å setje namnet sitt i protokollen, seier Tømmerdal.

Ventar mange

Bjørn Tømmerdal reknar med at mange vil legge vegen om rådhuset for å skrive seg inn i kondolanseprotokollen. - Vi har tradisjonar for dette i Noreg, i samband med store ulukker. Og det er mange som føler dei ikkje direkte er innvolvert i ulukka, men som likevel vil synleggjere medkjensla si.

Kondolanseprotokoll Ålesund

Lasse Huse, Ålesund kommune, var blant dei første som skreiv namnet i protokollen.

Foto: Terje Reite / NRK

La sorga kome til syne

Ordførar Bjørn Tømmerdal seier han trur det er eit stort behov blant folk for å la sorga kome til syne. - Ein slik protokoll er eit godt instrument for dette. Her kan ein kome for å skrive inn namnet sitt, og eg vonar folk nyttar dette høve til å kome i ein elles tung kvardag.

Protokollen ligg framme til gravferdene er avvikla, og det er mogleg å skrive i protokollane i heile opningstida til servicetorget.