Mario Konate scora heile fem gonger for regjerande cupmeister Molde mot motstandaren som til dagleg spelar i 2.divisjon.
Kan score mål
Molde-trenar Arild Stavrum var torsdag svært fornøyd med innsatsen til laget.
Moldetrenar Arild Stavrum.
- Vi kunne ikkje fått nokon betre slutt på vårsesongen enn det vi no fekk. Dette viser at vi kan score mål, seier Stavrum.
Molde kan dermed ta ferie med ein skikkeleg opptur. Mål av Mavric, Hestad, Ohr, Diouf, Gjerde og Rindarøy, samt fem mål av Mario Konate sikra ein overlegen siger torsdag kveld.
Går for å vinne
Og no ynskjer Molde-trenaren at laget forsvarar cup-gullet frå i fjor.
- Einaste vitsen med å vere med i cupen er for å vinne, så det jobbar vi mot, seir Stavrum.