Hopp til innhold

Flaumskred i Eikesdal: Trur ikkje det kjem nye ras trass store nedbørsmengder

Kartlegginga etter rasa i Eikesdalen laurdag er i gang. Sju ras gjorde skadar forskjellige stadar på fylkesveg 191 i Eikesdalen – i eit uvêr ingen målarar registrerte.

Laurdag ettermiddag gjekk det mange ras i Eikesdalen i Nesset. Ei kraftig lokal regnybe førte til at fylkesvegen vart sperra fleire stader.

Det vil ta tid å fikse vegen etter raset i Eikesdalen laurdag. Den mellombelse vegen vil derimot opne i løpet av onsdagen.

Tore Humstad

Tore Humstad er ingeniørgeolog i Statens vegvesen. Han fortel om komplisert arbeid etter rasa.

– Her har det vore ei veldig lokal og intens regnbye på laurdags ettermiddag, som ikkje har vore mogleg å måle på nokon av vêrstasjonane i nærleiken, seier Tore Humstad.

Han er ingeniørgeolog i Statens vegvesen og var måndag på rasstadane i Eikesdalen i Nesset kommune.

– Det har kome for mykje nedbør opp mot det skråninga toler, og så har det gått fleire flaumskred langs strekninga, fortel han til NRK.

Einar Fossestøl

Einar Fossestøl, einingsleiar i Nesset kommune, er glad det finst eit omkøyringsalternativ.

Foto: Roar Halten / NRK

Krevjande landskap

Det var laurdag ettermiddag flaumskreda gjekk. Det skjedde i eit vakkert, men krevjande landskap langs fylkesveg 191.

Det blir heller ikkje siste gang det skjer, trur kommunen.

– Dette er eit utfordrande område, og det er nok ikkje siste gong vi ser ras her, seier einingsleiar Einar Fossestøl i Nesset kommune.

Han fortel om fleire utfordringar i etterkant av skreda, men prisar seg lukkeleg over eitt køyrealternativ med stengt veg.

– Det er mogleg å køyre via Sunndalen og over til Auresjøen.

– Så beredskapen er varetatt sjølv om vegen blir stengd?

– Ja, heldigvis så har vi det vegalternativet. Det er langt, men når det er naudsynt så er der framkomeleg, seier Fossestøl.

Saka held fram under bildet.

Ras i Eikesdalen

Gravemaskiner og arbeidarar var måndag i full gang med å utbetre etter flaumskreda i Eikesdal.

Foto: Roar Halten / NRK

Har ikkje funne permanent løysing

Det var til saman sju skred som gjekk i området. Per no har ikkje Vegvesenet fått vurdert kor stort volum skreda hadde.

– Men det er såpass stort at det har fylt opp sikringsmagasinet vårt bak her. Og så har det blitt slik at vatnet har tatt nye vegar og grave seg gjennom og rundt kulverten som ligg i vegen, seier Humstad.

Oppryddings- og utbetringsarbeidet er komplisert, då kulverten er blokkert.

– Dermed blir heile vegen litt ustabil utpå kanten, og vi prøver å lage ei mellombels løysing for å flytte vegen lenger inn.

– Har de funne noko permanent løysing?

– Nei, ikkje enno, då må vi gjere fleire målingar for å finne ut om stabiliteten her vegen ligg. Men den mellombelse løysingar blir å lage ein veg på innsida og forhåpentlegvis opne på onsdag, fortel Humstad.

Ras i Eikesdalen

Det blir jobba for å byggje ein mellombels veg etter flaumskreda.

Foto: Roar Halten / NRK

– Ikkje fare for nye ras

Trass i NVE sitt OBS-varsel for Møre og Romsdal skal det ikkje vere fare for nye ras.

– No har vi kontroll på situasjonen. Det er meldt meir nedbør i morgon, men ikkje så ekstreme mengder, seier Humstad.

Dei vil grave nye stikkrenner som leier vatnet trygt forbi rasstadane.

– Slik at det blir stabilt for den mellombelse vegen, slår ingeniørgeologen fast.

Vegvesenet og Veidekke jobbar vidare på rasstaden, og både kommune og dei andre involverte har god kontroll.