Hopp til innhold

Ordføraren om ski-NM: – Vi må ta eit ansvar

Molde kommune har neppe noko val, og må truleg inn med pengar etter den økonomiske sprekken som NM-arrangørene på Skaret har opplevd.

Torgeir Dahl

Molde kommune vil trø til for å hjelpe ski-NM i land, seier ordførar Torgeir Dahl (H).

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Måndag kom det fram at arrangørane av NM på Ski i Molde har akutt pengemangel fem veker før meisterskapet går av stabelen på Skaret skisenter. På grunn av omfattande oppprusting av anlegget, manglar dei 6 millionar på budsjettet og ber om hjelp frå kommune og fylkeskommuene.

– Må ta eit ansvar

– Den satsinga som har blitt gjort er jo ei god og langsiktig satsing. Problemet er at ein ikkje har hatt det finansiert. Då vert saka fort kasta over til kommune og fylkeskommune. Vi må eigentleg ta eit ansvar her, så får vi sjå korleis dette kan bringast i land, seier ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde.

– Kjem Molde kommune i ein tvangssituasjon?

– Vi gjer jo delvis det. Så har vel også Skaret skisenter også kome i ein tvangssituasjon i forhold til forbundet som har krevd at ein må ha snøproduksjonsanlegg, større breidde på traseane, og så har det har balla på seg. Det er ein uheldig situasjon ein har komen oppi, så får vi prøve å rydde opp etter beste evne, seier ordføraren.

Dahl synest det er beklageleg at arrangørane har kome opp i det økonomiske uføret.

– Eg kunne ha teke ei formell rolle i dette, men det eg ser er stortgåande entusiastar som ønskjer det beste. No er det problem med nattesøvn og dei ser at dette har kome ut av kontroll, så er det vår oppgåve hjelpe til etter beste evne.

Eit interkommunalt anlegg

Det første ordføraren vil jobbe for, er å gje Skaret skisenter status som eit interkommunalt anlegg. Molde har allereie ein dialog med Fræna kommune om forslaget.

– Det gir iallfall ei mulegheit til å få ein større del med spelemidlar. Vidare ser vi at det er mykje moms i dette, så det er snakk om refusjon av moms. Slike ting må vi vere med å hjelpe til med. Så må vi sjå om vi er nøydde til å vere med å mellomfinansiere dette, slik at ting kan overleve denne mellomperioden før pengar kan kome frå spelemidlane.

Kommunen må altså inn med pengar?

– Eg er redd for det.