I tillegg skal administrasjonen gjere ei intern gransking av helse- og sosialsektoren.
Politikarane ønskjer ei rask avklaring, seier ordførar Arve Tonning.
To utval
Kommunalutvalet i Ålesund vedtok i går å setje ned to utval som skal granske kommuneøkonomien. Administrasjonen skal sjå nærare på helse- og sosialsektoren, og skal samanlikne tre einingar som gjekk dårleg med to som gjekk som normalt i fjor. I tillegg skal kommunerevisjonen og eit eksternt revisorfirma foreta ei gransking av økonomien. Men det er usikkert kva følgjer sluttrapportane vil kome til å få.
Vanskeleg år
Like viktig som å finne ut kva som har skjedd, vil det vere å hindre at liknande ting skjer igjen. Kommunalutvalet set difor allereie no i gang tiltak som skal sikre betre kontroll av økonomien.
Det store underskotet gir kommunen ein dårleg start på året. Og Tonning trur at 2003 blir eit vanskeleg år for Ålesund.