Men skjønsretten kom til at erstatninga skal ta utgangspunkt i situasjonen om ti år.
Med fråtrekk av den rentefordelen grunneigarane får ved at utbetalinga skjer no, blir reell erstatning 13,50 kroner per kvadratmeter, seier prosessfullmektig Øyvind Panzer Iversen.
I tillegg skal kommunen betale fleire millionar kroner for steinmassane som blir tatt ut av området der det skal bli industriområde og djupvasskai.
Attraktivt område
Området ligg sentralt til rett innanfor skipsleia og rett over fjorden for Ormen Lange-anlegget på Nyhamna i Aukra.
Indre Harøy i Harøysund kan bli eit svært attraktivt kai- og industriområde og Fræna kommune har allereie starta arbeidet med å bygge ny djupvasskai på området.
Det ligg altså rett over fjorden frå Ormen Lange-anlegget på Nyhamna i Aukra.
I tillegg ligg det rett inn for skipsleia, og difor har Fræna kommune sett av 22 millionar kroner til ny kai.
Kommunen har lenge sett på dette som eit svært attraktivt areal og allereie for 20 år sidan kjøpte den 24 mål av øya.
Tvangsinnøysing
Ti år seinare ønskte kommunen seg 96 mål til, men blei ikkje samd med eigarane om prisen og tvangsinnsøyste difor 30 mål året etter.
Erstatninga blei ikkje fastsett før i desember 1999.
I fjor blei det inngått ny avtale med grunneigarane om å kjøpe enda 79 mål.
I avtalen var det semje om at prisen skulle fastettast ved rettsleg skjøn, samt at kommunen skal betale for stein som blir tatt ut fra området.
I dag er det knuseverk på staden og dette held truleg fram i ti år til.
Det er ikkje avgjort om saka blir anka til Lagmannsretten.