Det er ei heilt spesiell stemning i Ulstein etter at friidrettstalentet Karsten Warholm sikra VM-gull i 400 meter hekk. Etter at Hødd tok ein sensasjonell siger i cupfinalen i fotball i 2012, har folket ynda å kalle kommunen sin for Gullsteinvik. Gata i byen er pynta med hekkar og flagg.
– Gjett om vi skal feire her i Gullsteinvik, seier ein av kundane på daglegvarebutikken. Butikken har sjølvsagt pynta blomsteravdelinga med norske flagg.
Ordførar Knut Erik Engh ville også hylle VM-helten og idrettslaget Dimna. Han inviterte klubben til kaffi og kaker.
– Det er ein stor dag for oss. Det har ikkje gått opp for alle kva vi har vore vitne til. Eg er så stolt av Karsten at eg har vanskeleg for å sette ord på det, seier Engh. Han synest det er bra at Dimna IL og spesielt Karstens gamletrenar Arve Hatløy får så mykje skryt.
Arve Hatløy har ikkje fått summa seg etter jubelscenene onsdag. Han trur det tar fleire dagar før han landar.
– Vi er ikkje superoverraska over at Karsten skulle ta medalje, men at han tok gull, er litt i overkant av det alle her kunne drøyme om, seier Hatløy. Han trur dette berre er starten.