Hopp til innhold

Kommunen har sett krisestab

Vestnes kommune har sett krisestab i samband med ammoniakklekkasjen ved Solstrand verft. – Vi jobbar no med å samle trådane, finne ut kor omfattande dette er og kva vi treng av personell. Vi veit endå ikkje kor mange personar som er omfatta av sikkerheitssona og kor mange ein eventuelt må ordne alternativ overnatting til, seier Geir Inge Lien, ordførar i kommunen til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL