Berre sidan 20. november har meir enn 130 små og store i sunnmørskommunen Herøy blitt smitta av korona. Det har gjort at kommunen no må sette uvaksinerte helsearbeidarar til å pleie sjuke og gamle. Fredag kritiserte kommunedirektøren dei 21 helsearbeidarane som framleis ikkje er vaksinerte.
Dette førte til at han i helga har blitt trua på livet, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.
– Eg reagerer ganske sterkt på det. Som kommunedirektør er eg ansvarleg for tenestene vi skal levere. Når eg no opplever å bli trua fordi eg ytrar meg om vaksinering og utfordringane rundt det, er eg nøydd å reagere, seier Aglen til NRK søndag kveld.
Herøy omsorgssenter har fleire smitta pasientar og tilsette.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKFekk messenger-melding
Kommunedirektøren seier han veit namnet på han som sende meldinga, men ikkje kjenner vedkomande. I staden for å svare, har Aglen sendt saka til politiet. Måndag morgon blir den formelt anmeldt.
Drapstrusselen blei framsett via messenger:
«Du skal være jævlig glad den dagen du ligger syk og innlagt, og det er uvaksinert helsepersonell som tar vare på deg. Viss du fortsetter å spre vaksinepropaganda i sosiale medier, så kommer du til å bli drept. Det er en advarsel».
Politiet ser alvorleg på saka
Politiet i Møre og Romsdal vil ikkje stadfeste at dei har motatt saka, men seier generelt at alle truslar blir vurdert.
Politimeister Ingar Bøen seier det er nulltoleranse mot denne typen truslar.
– Det er ekkelt for kven som helst, men det er ekstra ille når folk som utøver eit samfunnsopdrag blir trua. Dersom dei som sit i slike funksjonar blir trua til tausheit, så går det utover dei tenestene som storsamfunnet skal ha, seier han.
Han strekar under at han ikkje kjenner den konkrete saka.
Politimeister Ingar Bøen.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Helsetenestene i ferd med å knele
Herøy kommune er heimsøkt av eit omfattande smitteutbrot, og helsetenestene er ifølgje kommunedirektøren i ferd med å knele. Det har ført til at også uvaksinerte helsearbeidarar har blitt sett inn i pleien av gamle og sjuke.
– For meg er det eit paradoks. Det er dei aller svakaste, dei vi er sett til å beskytte, og då ville eg kanskje trudd at samtlege som jobbar der, ville gjere det ein kan for å forhindre at dei vi er sett til å beskytte mest, ikkje blir utsett for smitte, sa han til NRK fredag.
Dette blei for sterk kost for ein del av vaksinemotstandarane.
– Eg er uroleg for at kanskje også andre opplever slike truslar fordi dei har yrtringar, det er skummelt for demokratiet, seier kommunedirektøren.