Hopp til innhold

Kommune granska etter mistankar om overgrep mot pasient

Fylkesmannen i Møre og Romsdal slår fast at kommunen braut lova etter at ein sjukeheimspasient skal ha forgripe seg mot ein dement medpasient. Forskar fryktar at tabu gjer at seksuelle overgrep ikkje blir oppdaga.

Illustrasjonsfoto

Fylkesmannen konkluderer med at kommunen braut lova om forsvarleg drift då ein pasient skal ha forgripe seg på ein annan, dement pasient i Møre og Romsdal. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Begge dei to involverte skal ha vore demente då overgrepet skal ha skjedd, og ingen av dei kunne gjere skikkeleg greie for kva som faktisk hende inne på pasientrommet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i vinter granska saka som blei oppdaga våren 2016. Då melde pårørande frå om at faren kan ha vore utsett for eitt seksuelt overgrep frå ein medpasient på ein sjukeheim.

Ser alvorleg på saka

Portrett Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det er alvorleg at kommunar ikkje har rutinar for å handtere uønska kontakt mellom pasientar.

Foto: Fylkesmannen

Nyleg slo Fylkesmannen fast at kommunen har brote lova på to punkt: både når det gjeld forsvarleg drift og journalføring. I brevet til kommunen står det at undersøkingar i etterkant viser at risikoen for svikt og skadepotensial var stort. Det blir understreka at det er stor risiko for uventa situasjonar på avdelingar med demente, og at dette kan få alvorlege følgjer for pasientane.

– Det er veldig alvorleg når ein kommune ikkje har rutinar på plass som kan avverje at uventa kontakt mellom bebuarar skjer, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Kommunen får også kritikk for å ha brote lova ved å ikkje ha journalført hendinga hos nokon av dei involverte, og for å ha utlevert deler av journalane til politiet, utan å varsle dei pårørande.

Fryktar overgrep ikkje blir oppdaga

Wenche Karin Malmedal

Førsteamanuensis Wencke Karin Malmedal ved NTNU seier mange har vanskar med å forestille seg at det skjer overgrep mot eldre pasientar.

Foto: NTNU

Det finst svært lite forsking på seksuelle overgrep mot eldre i og utanfor institusjonar, og ingen estimat over kor mange på landsplan som kan vere utsette. Førsteamanuensis Wenche Malmedal ved Fakultetet for Medisin og Helsevitenskap ved NTNU seier det er ei utfordring at tilsette ikkje trur at slikt skjer.

– For dei er det nærast utenkjeleg, dei blir heilt forskrekka over at det kan skje, så dei nektar nesten å tru det, seier ho.

– Kvifor er det så alvorleg?

– Dersom ein ikkje trur at det går føre seg, ser ein det heller ikkje, og er ikkje i stand til å handtere det, dersom det dukkar opp ein situasjon, seier ho.

Malmedal etterlyser betre rutinar hos kommunane og meir undervisning blant helsepersonell om tematikken.

Lagt vekk hos politiet

Rådmannen i den aktuelle kommunen seier til NRK at dei aldri har opplevd noko slikt før, og at dei no arbeider for å rette opp i dei feila som Fylkesmannen har påpeika.

Kommunen har no fått frist til 1. mai med å utarbeide forsvarlege rutinar.

Saka er meld til politiet, men blei lagt bort på grunn av mangel på bevis.