NRK Meny

Kommune fekk medhald i oppseiing

Ein kommune på Nordmøre har fått medhald i at dei kunne seie opp ein brannmann som hadde vore tilsett i tretti år. Mannen gjekk til sak mot kommunen etter at han mista jobben. Retten legg vekt på at mannen ved eitt høve gjekk frå arbeid midt i vakta si, trass i at han fekk beskjed om å bli. Mannen må også betale 75 000 kroner i sakskostnader.