Skuffa over at kommunen ber fotoklubb om gratis bilete

Fræna kommune skal lage eit jubileumshefte og har bedd Atlanterhavsveien fotoklubb om å bruke nokre bilete gratis. Det likar ikkje leiaren i fotoklubben.

Anita Hector på Nesabrygga

Leiar i Atlanterhavsveien fotoklubb, Anita Hector, meiner Fræna kommune må betale for bilete dei skal bruke.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det manglar ikkje på idylliske bilete frå kystkommunen som medlemane i fotoklubben har tatt og no vil Fræna kommune lage ei lita brosjyre der nokre av desse bileta vert brukt. Det er 50 år sidan Bud, Fræna og Hustad vart ei kommune. Anita Hector er leiar i Atlanterhavsveien fotoklubb i Fræna og ho vart spurt av kommunen om dei kunne bruke eitt av hennar bilete.

–Eg er skuffa over at kommunen ikkje kan betale oss ein sum. Det hadde ikkje trengt å vere meir enn 500 kroner til klubbkassa. Å gi bort bileta våre gratis vil vi ikkje gjere, seier Hector.

Liten velvilje frå kommunen

Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa over Fræna kommune. Kommunen har vist liten vilje til å støtte fotoklubben når dei har bedt om det, meiner ho.

– Dette var berre den vesle dropen som gjorde at no hadde eg ikkje lyst å vere snill meir, seier Hector. Kommunen ville tilby ho ei t-skjorte i gjengjeld, men hobbyfotografen synest ikkje det er noko betaling.

Men forstår du at kommunen er fattig?

– Ja, eg forstår det, men har dei behov for å sette inn ei stikkontakt, spør dei ikkje elektrikaren om å få låne utstyret hans, seier Hector.

Ho meiner at Fræna kommune heller må gå ut og ta bilete til brosjyren si sjølv.

Overraska kultursjef

Kultursjef i Fræna, Janny Meese, er overraska over reaksjonen frå fotoklubbleiaren.

– Vi gjorde ein enkel førespurnad der vi spurte om lov til å bruke biletet, men hadde ikkje venta dette, seier Meese. Ho meiner Hector overreagerer.

Kultursjefen seier at det må vere lov å spør om å få bruke eit bilete, og det er lov å seie nei eller svare at ein vil ha betalt.

– Vi er ikkje ute etter å lure nokon, seier kultursjefen. Brosjyren det er snakk om skal lagast på den enklaste og billegaste måten.