– Norske kommunar legg for dårleg til rette for campingturistar

– Mange kommunar har ingen stad å tømme grovvatn og septik, og har dei er det gjerne dårleg skilta, seier president Bjørn Richard Johansen i Norsk Caravan Club.

Bjørn Richard Johansen

Norske kommunar er for dårlege på å tilby tømmestasjonar for campingturistar, meiner president Bjørn Richard Johansen i Norsk Caravan Club.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Det er langt mellom kommunane som har eit godt tilbod til campingturistane. Trass i at alle kommunar har eit krav om å ha tømmestasjonar tilgjengeleg, er det ikkje alle som greier å tilby det.

Alle campingplassar har eit tilbod, men ikkje alle med campingbil eller campingvogn ynskjer å overnatte på campingplassane. Dermed må ein ha tømmemoglegheiter andre stader.

– Me får veldig mange innspel frå medlemar når det gjeld tømmemoglegheiter. Det er me klare over at det er alt for dårleg i landet vårt, seier president Johansen.

Campingdotømming i Ålesund

Bubilparkeringa i Ålesund tilbyr tømming for både faste og lause toalett i bubilane.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Søkjer fridomskjensla

På bubilparkeringa i Ålesund er situasjonen ein annan.

– Eg har kalla det Noregs finaste bubilparkering. Det er rett nok nokre år sidan, og mange kan nok vere like fine, seier han.

Likevel held han fast på at fasilitetane som er tilgjengelege i sunnmørsbyen skil seg ut. Her kan bubilar tømme både grovvatn og septiktank. Det er anlegg både for faste og flyttbare tankar. Ein avfallsstasjon gir høve til kjeldesortering, og i eit hus på enden av parkeringa er dusj og toalett tilgjengeleg. Der kan dei besøkjande også bruke vaskemaskiner, om det skulle vere behov for det.

– Den inneheld alt du kan forvente å finne på ei bubilparkering, seier Johansen.

I 2012 hadde han sjølv om lag 70 døgn i sin nye campingbil. Gjennomsnittleg har han hatt 45 døgn i året. Entusiastane kan ha opp mot 200 døgn per i år, fortel presidenten.

– Mange har bubil fordi det gir dei fridomskjensla, seier han.

Saka held fram under bildet.

Bubilparkering Ålesund

- Det viktigaste er at brannforskriftene blir følgt, seier Johansen.

Foto: Åge André Breivik / NRk

Skryt av Ålesund

Kjensla oppnår dei best ved å overnatte utanfor campingplassane. Då blir det viktig med gode tilhøve for tømming av tankar i bilen.

– Her ser me eit godt døme på eit tømmeanlegg. Der kan du tømme faste tankar, lause toalett, og du kan få fylt på ferskvatn, seier Johansen om anlegget i Ålesund.

Slik vil presidenten i karavanklubben at fleire stader skal vere.

– Denne plassen inneheld alt me forventar. Det er det ikkje alle som gjer. Mange stader er det ikkje moglegheit til å tømme tankane. Eg har heller aldri sett liknande opplegg med kjeldesortering, seier han.

Plikta til kommunane er mykje meir avgrensa enn det tilbodet Ålesund kommune har. Det einaste kravet er at brannforskriftene må følgjast, altså at det er fire meter mellom bilane. Det er også ytterpunktet av kva bubilturistar i Noreg får når dei skal overnatte.

– Det me kjempar for heile tida, er tømmestasjonar. Der kjempar me mot styremaktene, seier Johansen.

Grovvatntømming

Tømmestasjonen i Ålesund gjer at både faste tankar og flyttbare tankar kan tømmast.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Døve øyre

Karavanklubben prøver å få kommunane til å gje eit betre tilbod. For nokre år sidan kontakta dei alle norske kommunar, men det går ikkje raskt. Sjølv meiner han det ikkje treng å vere dei heilt store investeringane for å få til dette tilbodet. Med tilgang til kommunale kloakkanlegg, og moglegheit for å tappe ferskt vatn, kan det ordnast enkelt, meiner han. Likevel møter dei motstand i kommunane.

– Det er eigentleg døve øyre, seier presidenten.

Ansvaret er kommunalt, så om det blir stasjonar går på om kvar enkelt kommune har pengar til overs.

– Eg var på ein veldig fin tømmestasjon i Trøndelag i fjor. Men hadde eg ikkje budd på campingplassen hadde eg ikkje visst at stasjonen låg bak Teknisk Etat. Det var ikkje skilta dit på annan måte, fortel Johansen.

– Der var det eit topp anlegg. Det var berre å køyre bilen opp på plata og tømme, seier han.

– Må vere på plass

At det er langt mellom desse anlegga er eit problem for turistnæringa, meiner Johansen. Når folk ikkje veit om dei, fører det til at enkelte tømmer sine tankar på stader dei ikkje skal. I tillegg er det mange nasjonalitetar som ønskjer å bu ute i naturen når dei besøker Noreg, sidan dei ikkje har moglegheit til det i heimlanda.

Når folk ikkje ynskjer å bruke campingplassane, og Noreg har ei stor moglegheit for dei reisande til å bu ute i naturen, må tømmeanlegga leggjast betre til rette, meiner Johansen.

– Det betyr at folk må ha andre stader å tømme både boss og grovvatn. Det må vere på plass for at turistane skal føle seg heime i Noreg. Og det er eit langt stykke igjen, seier han.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.