NRK Meny

Kommunar bør søke om pengar

Det kan bli lettare for kommunane å gjennomføre gode tiltak for å betre miljøet.

Dei neste fem åra har Miljødirektoratet sett av 100 millionar årleg til tiltak som kan få ned CO2-utsleppa, og kommunane kan søke om pengar.

Einar Haram i Sunnmøre Regionråd veit at mange kommunar har gode prosjekt på gang, men manglar pengar til å gjennomføre dei.

Han meiner tida no er inne til å søke pengar og kanskje få planane realiserte.