Det vankar både klem og kaffi når Linn kjem til omsorgssenteret på Aspøya i Ålesund. For Torbjørg, som snart fyller 95, er det eit kjærkome avbrekk å få besøk. For folk i 90-åra er det slett ikkje uvanleg å mangle eit nettverk.
– For meg starta det då eg studerte i USA, seier Monsen.
– Der har dei ein annan kultur for frivillig arbeid. Så då eg flytta tilbake bestemte eg meg for å prøve dette.
Nysgjerrige på kvarandre sine liv
Det er vel eitt år sidan dei to møttest. For Monsen er det spennande å høyre historier frå eit liv som er heilt annleis enn hennar.
– Ho fortel om oppveksten sin og om krigen, ting som er veldig fjernt frå kvardagen min, seier ho.
Like eins får Kjerstad høyre om korleis det er å vere ung i dag.
– Ja, eg får vel ikkje vite alt, smiler ho.
Oppmuntrar til meir frivillgheit
Fleire kommunar går no aktiv ut og ber folk melde seg til denne typen frivillig omsorgsarbeid. For dei tilsette er ordninga til hjelp i ein travel kvardag.
– Vi har akkurat det vi treng og skulle vore fleire. Så frivillige som hjelper oss set vi pris på, seier styrar Henning Pilskog.
Også 95-åringen ved bordet er samd.
– Eg opplever det som gjevande, seier Kjerstad og ser på venninna.
– Eg gler meg til ho kjem.
– Eit viktig tilbod
– Eg syns dette er greitt, så lenge kommunane ikkje går over grensa, seier, Siv Kathrin Ulla ved frivillighetssentralen i Ålesund.
Ho meiner det er viktig at frivillige ikkje skal erstatte arbeidsplassar.
– Dette er eit supplement til dei tenestene kommunen skal tilby, seier ho.
– Men kvar går grensa?
– Kommunen skal gjere oppgåver som er lovpålagt, men gjeld det nokon å prate med, gå tur eller lese aviser og handle, så tenkjer eg det er positivt for begge partar.
Ho trur likevel det kan bli utfordrande dersom dette får eit større omfang.
– Dersom kommunane no startar for fullt med å oppmode til dette, så vil vi nok mangle folk, seier ho.