Det er forskning.no som viser til ein studie to forskarar ved Institutt for samfunnsforsking har gjort. Der har dei kartlagt samarbeidet mellom frivillege, politi og kommunar i kritiske situasjonar.
Dei har kome fram til at dei frivillige opplever at samarbeidet med politiet er godt, men at det fungerer mindre godt med kommunane.
Visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal roste innsatsen frå dei frivillege som tok imot dei evakuerte frå Viking Sky.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKKommunane skal kartlegge risiko og utarbeide beredskapsplanar som dei skal øve på. Her føler dei frivillige ofte at dei ikkje blir lytta til og tatt omsyn til. Det går det fram av rapporten «Lokalt beredskapssamarbeid. Frivillige, politi og kommuner i lokalt beredskapsarbeid», som forskarane Jon Kåren Skiple og Marte Winsvold står bak.
Ifølge Hovudredningssentralen var det nesten 3000 redningsaksjonar kvart år i åra 2010 til 2016, og frivillege blir kalt ut i rundt 37 prosent av desse aksjonane. Sjølv om stadig fleire kommunar samarbeider med frivillege om beredskapen er det også ein relativt stor andel som ikkje gjer det, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
«Syretest for beredskapen i Noreg»
Men for snart eit år sidan oppstod ein situasjon som blir omtalt som «ein syretest for beredskapen i Noreg». Det var då Viking Sky utan motorkraft dreiv mot land i Hustadvika med rundt 1000 personar om bord, og skipet heldt på å grunnstøyte og kanskje kantre.
På kort tid var rundt 300 frivillege på plass i Brynhallen.
Foto: Odd Roar LangeOg lokalt blei syretesten bestått. For ein time etter at politiet hadde fått den første meldinga var det etablert eit mottakssenter på land, og rundt 300 frivillege var klare i løpet av få timar.
I Brynhallen i Fræna blei fleire hundre evakuerte passasjerar tatt i mot, og gitt varm drikke, ein matbit og varme pledd, før dei blei frakta vidare til Molde og Kristiansund for hotellovernatting.
– Samvirket fungerte særs godt desse to dagane. Dette har blitt understreka av alle etatar, profesjonelle som frivillige, sa visepolitimeister Ingmar Farstad, i samband med ei evaulering som partane sjølv gjorde.
Dei involverte var godt fornøgde med samarbeidet seg imellom.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK