Hopp til innhold

Kommunane går glipp av store millionbeløp

Vertskommunar for oppdrettsanlegg i Møre og Romsdal går glipp av inntekter på mellom 50 og 180 millionar i året, fordi det nye havbruksfondet ikkje fungerer etter intensjonen.

Oppdrettsanlegg

Havbruksfondet som er vedteke av Stortinget, skal fyllast opp av pengar som blir betalt når staten deler ut oppdrettskonsesjonar. Slik det er no, går ingen av pengane til kommunane.

Foto: Laila Lanes / NRK

I Møre og Romsdal er heile 24 kommunar vertskommunar for oppdrettsanlegg. Desse kommunane kan få pengar frå det nyoppretta havbruksfondet. Ordførar Roger Osen på Smøla er redd for at politikarane har vedteke ei ordning som ikkje fungerer.

Roger Osen

Ordførar Roger Osen på Smøla er redd for at politikarane har vedteke ei ordning som ikkje fungerer.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– På kort sikt og kanskje også lang sikt, så vil det ikkje fungere ut ifrå det som er hensikta med ordninga, meiner ordføraren.

Hensikta med ordninga er at kommunane skal få betalt for dei areala som blir lagt til rette for havbruksnæringa, og på den måten ta ein del av den inntekta og verdiskapinga som skjer i våre farvatn.

Taper store summar

Havbruksfondet som er vedteke av Stortinget, skal fyllast opp av pengar som blir betalt når staten deler ut oppdrettskonsesjonar. Men, no delast det berre ut gratiskonsesjonar, eller utviklingskonsesjonar, basert på at næringa skal forske og finne fram til nye ting for å unngå sjukdom og lus. Dermed blir det ikkje pengar til kommunane.

– Det er berre kommunane som taper på det, staten taper ingenting. Det er kommunen sine pengar som blir delt ut her, og det er ikkje snakk om småpengar heller, meiner Osen.

For Møre og Romsdal er det snakk om beløp som varierer frå 50 millionar til 180 millionar kroner i årlege utbetalingar.

– Dette er pengar som i aller høgste grad kunne ha kome kommunane og heile landet til gode, dersom ordninga hadde fungert slik intensjonen var.

Pengane skal gå til kommunane

Pål Farstad

Stortingsrepresentant for Venstre, Pål Farstad vil arbeide for å betre ordninga for kommunane, slik at dei får pengane dei skal ha.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I følgje Pål Farstad som sit i næringskomiteen for Venstre, var intensjonen klar. Havbruksfondet vart vedteke som eit breitt forlik, og det var meininga at kommunane skulle få pengar.

– Havbruksfondet slik det no har blitt, er ikkje etter intensjonen, seier Farstad.

Før sommaren tok politikaren kontakt med kollegaer i næringskomiteen for å sjå nærmare på saka.

– Stortinget og politikarane vil at oppdrettarar skal legge igjen nokre kroner for dei ulempene næringa er for enkeltkommunar, i form av arealbeslag og forureining.

Vil betre ordninga

Etter diskusjon med oppdrettsnæringa, har Farstad inntrykk av at også dei syns dette er ein riktig ved å gå.

– Kva er aktuelt å gjere?

– Vi bør sjå om det kan leggjast igjen nokre kroner frå utviklingskonsesjonane. Eventuelt andre endringar som gjer at Stortinget sin intensjon blir oppfylt, seier Farstad.

– Når vil det skje ei endring?

– Dette er ei sak eg vil prioritere no framover. Kommunane skal kjenne seg trygge på at vi ikkje let denne ordninga som dei har forventningar til, smuldre vekk eller renne ut i sanden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL