Kommunane førebels ikkje med

Helse Midt-Noreg har vedtatt å etablere selskapet Helseplattformen AS, som skal inngå kontraktar med utviklarselskapet Epic, og stå for drifta av journal-løysinga når den er ferdig. Målet er at pasientane berre skal ha ein journal å forhalde seg til, om ein er hos fastlege, på helsestasjon eller på sjukehus. Målet er å og få med kommunane, men den første kommunen som skulle inn på eigarsida, Trondheim, har enno ikkje blitt med. – Uheldig, seier eigardirektør i Helse Midt-Noreg, Nils Kvernmo.

Direktør for eierstyring i Helse Midt-Norge, Nils Kvernmo
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK