Kommunalt tilsett smitta i Hareid

Ein tilsett hjå den kommunale eininga Hjellebakken, i Hareid kommune, har i kveld fått stadfesta koronasmitte. Brukarar og tilsette vil bli testa. Eininga vert mellombels stengd for besøkjande. Smittevegen er kjend, og smitten kjem frå ein annan landsdel. Det skriv Hareid kommune på sine nettsider.