Hopp til innhold

Kom tilfeldig inn i politikken

Ein 17-åring står på andreplass på lista for Gjemnes Kristelig Folkeparti før haustens kommuneval, men sjølv seier ho at det var tilfeldig at ho kom inn i politikken.

Anna Grindvold

17 år gamle Anna Grindvold frå Skeisdalen i Gjemnes står på andreplass på lista for Gjemnes Kristelig Folkeparti.

Foto: Yngve Hustad Reite / NRK

Vallogo

Ho har enno ikkje fylt 18 år, men 17 år gamle Anna Grindvold frå Skeisdalen i Gjemnes står på andreplass på lista for Gjemnes Kristelig Folkeparti.

– Det var eigentleg heilt tilfeldig. Eg har alltid vore engasjert og vore leiar på ein rekke konfirmasjonsleirar, men eg har aldri hatt noko spesielt med politikk å gjere, seier Grindvold.

Fellesskap i kommunen er viktig

Som gardsjente er ho glad i natur, og gjerne lange turar i skog og mark. Denne dagen er det ein tur i Molde-marka som står på planen.

Anna Grindvold

Anna Grindvold meiner at å vere blid og imøtekomande er ein viktig del av å vere politikar.

Foto: Yngve Hustad Reite / NRK

Grindvold er ikledd turklede og ei gul regnjakke. Det brune håret heng nedover skuldrene og ho smiler breitt.

– Eg vil beskrive meg sjølv som ei blid jente som alltid har eit smil på lur. Eg er veldig glad i familie og vener, og sjølvsagt å gå på tur i fjellet seier, ho.

Grindvold meiner at å vere blid og imøtekomande er ein viktig del av å vere politikar.

– Ja, det er mykje større sjanse for at nokon vil kome bort å prate med deg då enn om du er sur å grinete, seier ho og smiler igjen.

– Eg seier alltid hei til alle eg møter. Eg meiner det er viktig å ha eit fellesskap i kommunen som omfattar både gammal og ung, held ho fram.

Ikkje redd for å bli overkøyrd

17-åringen er klar over at ho er ein av dei yngre listekandidatane før haustens kommuneval, og at det kan by på utfordringar. Likevel fryktar ho ikkje å bli overkøyrd av dei meir erfarne politikarane.

– Det veit eg at eg blir. Eg er heilt ny, medan andre har vore engasjert i politikken i ei årerekke, seier ho.

Ho trur likevel at ho skal klare å stå imot.

– Då er det viktig at eg står for det eg meiner. Eg går opent inn i dette og tek det som ei slags læretid. Alle må starte ein plass, seier ho.

Er ikkje kristen

Til trass for at Grindvold stiller som listekandidat for KrF er ho ikkje personleg kristen. Det er ikkje eit problem, meiner 17-åringen.

– KrF har ein relevant politikk med mange gode valsaker som engasjerer meg. Dei setter menneske i sentrum, og det meiner eg er veldig viktig, seier ho.

– Du treng ikkje å vere kristen for å stemme på KrF, det er eit parti for alle, held ho fram før ho fortsett vidare på turvegen i eit hurtig tempo.