NRK Meny

Kom tilbake med kniv

Ein mann i 20-åra blei i natt arrestert for bæring av kniv. Mannen hadde vore i ein slåstkamp tidlegare på natta. Han oppsøkte så staden igjen, og hadde denne gongen med seg kniv. Politiet som var like ved fekk stoppa mannen før nokon blei trua og han blei tatt med inn til arresten.