Hopp til innhold

– Eg føler dei er på ville vegar

Politimeister Ingar Bøen møtte torsdag ordførarane i fylket for å få innspel til den nye politireforma. Der møtte han mykje motstand.

Torgeir Dahl

Moldeordførar Torgeir Dahl meiner politiet må ta kommunereforma med i vurderinga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Politimeisteren har tidlegare innstilt å halvere talet på dagens 26 lensmannskontor, og den endelege innstillinga skal vere klar i midten av desember.

Torsdag fekk lokale ordførarar møte politimeisteren for å kome med sine argument og syn på plasseringa av dei nye lensmannskontora.

Politireformmøte

Politimeister Ingar Bøen møtte i dag ordførarar frå ulike kommunar i Møre og Romsdal for å diskutere kommunereforma.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Arne Sandnes, ordførar i Norddal, meiner vegen blir for lang til næraste tenestekontor når det blir flytta frå Sjøholt til Brattvåg. Han vil heller legge kontoret til Ørskog og trur han vil bli høyrd.

Arne Sandnes

Arne Sandnes, ordførar i Norddal, vil behalde lensmannskontoret i Ørskog.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ja, det trur eg. Vi har mange gode argument, og i tillegg har vi støtte frå Stordal, Ørskog og delvis Skodje. Så eg har god tru på at vi skal vinne fram, seier han.

Politimeister Ingar Bøen står derimot på sitt.

– Vi har valt Brattvåg eller Haram som kontorstad, og det kom vell ikkje fram så mykje i dag som vil endre på det, seier han.

– Må ta omsyn til kommunereforma

Nokre av ordførarane følte at politiet ikkje har tatt omsyn til ferjer og lange avstandar i forslaget til ny organisering.

Torgeir Dahl, ordførar i Molde, er redd politiet ikkje har tenkt på at mange kommunar kanskje vil kome til å slå seg saman.

– Eg føler dei er på ville vegar, sa han.

Bøen meiner derimot at ein ikkje kan legge for stor vekt på konsekvensane av eventuelle kommunesamanslåingar.

– Vi må ta utgangspunkt i korleis kartet ser ut i dag og ikkje korleis vi trur kartet kjem til å bli i 2020.

– Men så er det slik at det vi gjer no ikkje er skriven i stein. Dersom det blir endringar i kommunegrensene så justerer vi berre grensene våre. Det er ikkje eit problem, seier han.