Hopp til innhold

Kolonnekøyring i tunnel

Grunna utskifting av slukrister blir Hjartåbergtunnelen på E39 i Volda kommune stengd med kolonnekøyring på kveld og natt frå måndag 13. mai til torsdag 16. mai, mellom kl. 19.00 og 07.00. Trafikken vil i hovudsak bli avvikla til faste tidspunkt, og kolonnetidene vil vere dei same som i Rotsethorntunnelen. - For dei som bur i Hjartåbygda blir det i tillegg utført kolonnekøyring gjennom Hjartåbergtunnelen etter behov. Ein må likevel rekne med litt ventetid, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Opning av Hjartåbergtunnelen
Foto: Arne Flatin / NRK