Hopp til innhold

Kolonnekøyring i Rotsethorntunnelen

Det blir planlagt arbeid på kveld og natt i Rotsethorntunnelen i Volda i to veker frå søndag 13. oktober. Arbeidet vil starte og slutte som tidlegare, med fri ferdsel mellom kl. 07.00 og 19.00 på kvardagane og etter kl. 07.00 på laurdagar. Søndagar startar arbeidet opp kl. 21.00. – Vi seier oss leie for at det no blir ein ny periode med kolonnekøyring. Vi forstår at det er ei ekstrabelastning, men det er nødvendig å sikre arbeidstilhøva til dei som skal jobbe i tunnelen, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen. I Rotsethorntunnelen er det i hovudsak arbeid på kabelbru i taket over vegbana som no skal utførast. Her kan du sjå kolonnekøyring-tidene.