Hopp til innhold

Kollisjon ved Remmetunnelane

  • Alle ute av bilane

    I trafikkulukka mellom Remmetunnelane i Haram er alle dei tre involverte ute av bilane. Lastebilsjåføren skal ha fått skadar i ryggen, medan dei to i personbilen skal ha kome uskadde frå ulukka, melder politiet. Kollisjonen skjedde i ei 70-sone. Fv 659 er stengd og det er uvisst når vegen kan opne. Det er omkøyringsmoglegheiter via Søvik.

  • Lastebil traff personbil

    Det har skjedd ein kollisjon mellom Remetunnelane i Haram. Ein lastebil skal ha truffe ein personbil, opplyser politiet. Tre personar er involvert. Skadeomfanget er ukjent. Naudetatane er på veg til staden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL