Hopp til innhold

Kollisjon på Eiksundbrua

Det har vore eit trafikkuhell på Eiksundbrua i Ulstein. To bilar har kollidert og fem personar er involverte, tre vaksne og to barn på seks og ni år. Dei får behandling av ambulanse. Ingen var fastklemde, og alle er ute av bilane. Eiksundtunnelen er stengt i samband med trafikkuhellet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL