Hopp til innhold

Kollisjon mellom to MC'ar

To menn på kvar sin lette motorsykkel har kollidert med kvarandre på Aukra natt til torsdag. Politiet seier at det kan ha skjedd i samband med at eit dyr sprang ut i vegen. Begge mennene hadde lettare skadar etter ulykka i Røssøyvågen. Dei er sende til sjukehus for undersøking og behandling.