Kollisjon mellom to bilar

To bilar har kollidert ved sjukehuset i Ålesund. Politiet opplyser at skadeomfanget er uklart. 110-sentralen i Møre og Romsdal opplyser at ulykka skal ha skjedd i lyskrysset ovanfor Ålesund sjukehus. Dei involverte skal ifølge brannvesenet vere oppegåande. Vegen er stengt som følgje av ulykka.