Det var like etter klokka 09.30 at politiet melde om ein kollisjon på fylkesveg 61 ved Bjørkavågen i Sula. Ein personbil og ein lastebil skal ha vore involvert i kollisjonen.
Det blei lange køar som følgje av trafikkulukka.
Foto: Ivar Eidheim / NRKFøraren av personbilen sat fastklemt som følgje av ulykka. Klokka 10.10 melde politiet at ho var frigjort.
Tysdag kveld er tilstanden hennar stabil, opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding. Dei skildrar skadane hennar som alvorlege.
– Vedkomande blir køyrd til sjukehus og har store skader, opplyste Arild Reite, operasjonsleiar i politiet til NRK i 10.00-tida tysdag.
Føraren av lastebilen skal ikkje ha fått fysiske skader. Det er så langt uklart kva som var årsaka til ulykka, fortel Reite. Han seier at det truleg vil ta litt tid før konklusjonen er klar.
Vegen ope igjen
Vegen blei steng umiddelbart som følgje av ulykka. Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen jobba på staden i fleire timar.
Det blei lange køar som følgje av trafikkulukka.
Foto: Ivar Eidheim / NRKVegen blei gradvis opna mellom klokka 16 og 17 på ettermiddagen.
Fylkesveg 61 er vegen til ferjekaia på Sulesund og klokka 11.04 melde Fjord1 at dei vil dirigere om ferjene mellom Hareid og Sulesund så lenge vegen er stengt.