NRK Meny
Normal

Kollisjon med vindusruta

Det small i huset til Astrid Kleppe på Gurskøy. Ho forstod straks kva som hadde skjedd: Ein fugl hadde kollidert med ruta. Her var det om å gjere å berge han frå katten!

Dompapp
Foto: Astrid Kleppe

Ho sprang ut, og fann den uheldige dompappen. Han var heilt livlaus, såg død ut, men då ho tok han opp i handa, kjende ho at hjartet banka. Ho tok han med seg inn i varmen, heldt han i handa, klappa han og snakka til han.

Besvimt

Det gjekk ein time. Då reiste fuglen på seg i handa hennar. Han sat der og blunka til henne, men såg framleis litt sjaber ut. Etter ei stund sette ho han ut på ei grein i eit tre i hagen. Der sat han endå ein time, før han flaug.

Hardføre

Astrid Kleppe fortalte denne historia i Naturtelefonen 27. mars. Ornitolog Alv Ottar Folkestad forklarte at det kan skje det same med fuglar som med folk etter ein kraftig samastøyt: Dei besvimer og får hjerneskaking. Men svært ofte er ikkje fuglane meir skadde enn at dei kan klare seg.

- Ville fuglar og dyr er langt meir hardføre enn det folk gjerne trur, seier Folkestad. Det er slett ikkje alltid at avliving er beste måten å hjelpe dei på, om dei har blitt litt skadde.

Varme

Det folk bør gjere i slike tilfelle, er å ta fuglen inn i varmen om det er kaldt ute. Legg fuglen mjukt, med ein lys handduk over, slik at han har det lyst, men ikkje kan stikke av. Når fuglen kviknar til, er det berre å sleppe han ute.