NRK Meny

Kollisjon i Molde

Då ein bil braut vikeplikta på veg ut i Julsundvegen i Molde første det til ein kollisjon mellom to bilar søndag ettermiddag. Bilføraren i slutten av tenåra blir meldt til politiet for vikepliktbrotet. Ingen vart skadd i ulukka. Politiet er på staden og dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden til ein bergingsbil er på plass.