Hopp til innhold

Kolliderte med ambulanse

  • Sendt til lege etter kollisjon

    Ei kvinne i 50-åra vart køyrt til lege etter at ho kolliderte med ein ambulanse ved Drageskaret i Sande i kveld. Kvinna skal ha kome over i motgåande køyrefelt, melder politiet. Førarkortet hennar blei beslaglagt, og sak vert oppretta. Det var ingen pasient i ambulansen og ingen vart skadde.

  • Ambulanse og personbil kolliderte

    Ein ambulanse og ein personbil har kollidert ved Drageskaret i Sande kommune, opplyser Arild Reite i politiet. Ingen vart skadde i samanstøyten, men begge bilane fekk såpass store materielle skadar at dei ikkje kan køyre vidare. Politiet veit ikkje kva årsaka til ulukka er.