Hopp til innhold

Kolliderte i Tyrkia – får ikkje forlate landet

Agnetha Hjelmeseth Remøy opplevde sitt verste mareritt på ferie i Tyrkia. No har ho fått utreiseforbod frå landet, til saka er oppklart.

Agnetha og dei tre andre som sat i bilen

FERIE: Agnetha Hjelmeseth Remøy nummer to frå høgre, og dei tre andre venane som var på tur saman i Tyrkia.

Foto: Privat

– Det er heilt forferdeleg, eg unner ingen denne situasjonen, seier Agnetha Hjelmeseth Remøy.

Ho og nokre vener var på ferie i byen Oba i Tyrkia. Dei leigde seg ein bil for å køyre rundt og utforske området. Det var venninna som sto oppført som sjåfør, men då ho følte seg dårleg, tok Agnetha over

Det var TV 2 som omtala saka først.

Køyrde på raudt lys

Så inn i rundkøyringa, var det eit trafikklys, som lyste raudt, men Agnetha såg det for seint.

– Veldig unaturleg for meg at det trafikklyset skulle vere der, midt i rundkøyringa, seier ho.

Inn frå sida kom ein moped, som smalt rett inn i sida på bilen, der dei fire venane sat.

– Eg fekk heilt panikk, eg såg han sekundet før han small inn i sida på bilen. Så spruta det masse glasbrot rundt meg, seier Agnetha.

Slik såg bilen ute

SKADA: Slik såg bilen ut etter at ein mopedist køyrde inn i sida på bilen.

Foto: Privat

Det gjekk bra med alle dei fire som sat i bilen. Mopedisten vart henta av ambulanse, og er no skriven ut av sjukehuset.

Ho og dei tre andre vart teken med til politistasjonen, der Agnetha måtte vere over natta på celle, fordi ho var føraren av bilen.

– Eg fekk lite informasjon om kva som skulle skje, dei kunne ikkje engelsk, så kommunikasjonen var vanskeleg.

Har utreiseforbod

Dagen etter måtte Agnetha saman med ein tyrkisk advokat møte opp i ein domstol, der dei la fram saka.

– Då fekk eg reise tilbake til leilegheita der eg bur, men har fått utreiseforbod frå Tyrkia, seier ho.

No veit ikkje Agnetha kva som skjer vidare, ho har venta i snart tre veker på eit svar.

– Eg skulle ha byrja på jobb igjen denne veka, ferien min er eigentleg over no.

På grunn av at Agnetha ikkje hadde skrive seg opp som sjåfør då dei leigde bilen, vil ikkje ansvarsforsikringa dekke skadane.

Forsikringa dekker ikkje

Reiseforsikringa ho hadde teikna gjennom Gjensidige dekker ikkje ansvar på motorvogn.

– Leiger ein bil i utlandet må det alltid teiknast ein eigen ansvarsforsikring, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Voll presiserer at dette gjeld dei fleste forsikringsselskap han kjenner til. Men forsikringa kan dekke rettshjelp, og etter at TV 2 omtala saka, vil Gjensidige hjelpe Agnetha med å betale for advokat i Noreg og i Tyrkia.

– Vi håper dette bidreg til at ho får den hjelpa ho trenger, seier Voll.

Faren til Agnetha er ikkje imponert over forsikringsselskapet, han meiner det bør vere betre opplyst om kva forsikringa ikkje dekker.

– Mange leiger bil når dei er i utlandet, eg meiner det burde ha vore mykje betre opplyst over kva forsikringa ikkje dekker, seier Arnfinn Remøy.

– Hadde dottera mi vore merksam på at ho ikkje kunne vere sjåfør, hadde ho heller ikkje teke over rattet, seier han.

Ikkje uvanleg

Pressetalsmann for utanriksdepartementet seier at det ikkje er uvanleg at personar som er innblanda i ein rettsprosess i eit land får utreiseforbod, slik som Agnethe har fått.

– Vi har gitt konsulær bistand i saka, som er fast praksis. Vidare kan vi ikkje kommentere enkeltdetaljar i denne saka, seier Per Bardalen Wiggen, seniorrådgivar i utanriksdepartementet.

Den 30. juli reiste Agnetha heim til Noreg. Etter nærmare undersøkingar i Tyrkia, viste det seg at det ikkje var registrert noko utreiseforbod på ho, og ho sette seg på første fly heim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL