Hopp til innhold

Knutepunktet står klart

Det nye knutepunktet mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Garneskrysset i Ulstein, er no tatt i bruk.

Det nye knutepunktet mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Garneskrysset i Ulstein, er no tatt i bruk.

SJÅ VIDEO FRÅ GARNESKRYSSET.

Den siste tida har det vore lysregulering på staden, men frå og med i dag kunne bilistane ta i bruk det nye knutepunktet utan å måtte vente i kø.

Garneskrysset

INNSPURT: Jarle Støyle seier dei nærmar seg slutten på arbeidet i Garneskrysset.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vegen er køyrbar, men det er framleis nokre detaljar som står att før krysset blir ferdigstilt.

– I midten av oktober vil også områda rundt vere ferdige, seier anleggsleiar i Aurstad Jarle Støyle.

Frå måndag blir også den nye bussoppstillingsplassen like ved opna for trafikk.

– Den delen vil vere klar til bruk allereie frå måndag. Vi held difor på med den siste delen av asfalteringa der no, held han fram.

Kollektivt knutepunkt

Garnes-krysset i Ulstein var tidlegare skilta med stoppskilt for å hindre uønskte trafikksituasjonar. Det har også vore fleire ulukker i krysset.

Det tidlegare uoversiktlege krysset har no blitt bygd om til ei rundkøyring og skal også fungere som eit knutepunkt for kollektivtrafikk. Ein sentral del av utbygginga er den nye bussoppstillingsplassen på Garnes.

Garneskrysset

GARNESKRYSSET: Garneskrysset er no tatt i bruk.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Endringa i busstilbodet betyr mellom anna timesavgangar mellom Fosnavåg-Hareid, med korrespondanse til Volda/Ørsta og Årvik på dei fleste avgangane, seier Frode Kvalheim, prosjektleiar og rådgivar ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal.

– I tillegg vil det bli fleire avgangar på kveld og helg, held han fram.

Målsettinga for byggeprosjektet har vore å kunne auke talet på bussavgangar innanfor og mellom kommunane.

– Med tilnærma lik avstand i tid og distanse til kvart ytterpunkt, gir oppstillingsplassen større moglegheiter, seier Kvalheim.

NRK/Møre og Romsdal Fylkeskommune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL