Hopp til innhold

Dei vil ha «æra» for å få Sunnmøre opp og fram

Rebekka Knotten og Astrid Fuglevaag starta musikkselskap frå jenterommet for å hjelpe unge artistar til å bli store.

Rebekka Knotten og Astrid Fuglvaag i Fröd

Rebekka Knotten og Astrid Fuglevaag bur i to ulike delar av landet, men er begge samde om at dei vil satse på musikktalent frå Sunnmøre.

Foto: Fröd

Det er berre knappe to månader sidan dei to musikkengasjerte kvinnene starta selskapet Fröd. Ein sunnmøring og ein austlending. Begge brenn for musikk og unge talent som kanskje ikkje heilt veit korleis dei skal kome seg opp og fram mellom spisse albogar i musikkbransjen.

– Vi vil gjerne ha skulda for at artistar frå Møre og Romsdal vert meir kjende, seier Astrid.

Frå jenterommet sitt, i to ulike endar av landet, sit dei med laptopen på fanget. Begge smiler frå øyre til øyre medan dei fortel om draumar, julestria og blodslitet som har vore nødvendig for å få Fröd på føtene.

Business gjennom dataskjermen

Rebekka Knotten og Astrid Fuglvaag i Fröd

Astrid og Rebekka fortel at dei kommuniserer aller mest gjennom dataskjermen.

Foto: Skjermdump

Begge har flytta heim til foreldra for å spare pengar. Astrid på Tveita i Oslo og Rebekka på Moltustranda på Sunnmøre. Med nesten 60 mil mellom seg er Skype god å ha. Akkurat slik som intervjuet går all kommunikasjon gjennom dataskjermen, og hittil har det gått veldig bra.

Men Astrid er ikkje framand for å flytte til Nordvestlandet. Regnet og nordavinden fristar kanskje ikkje, men dei ivrige musikktalenta kan få austlendingen til å pakke kofferten.

Enormt behov

Begge var i starten usikre på kor stor marknaden for musikkrådgjevarar på Sunnmøre faktisk var, men kort tid etter at dei offentleggjorde selskapet sitt ramla epostane inn.

– Responsen har vore enorm, fortel Rebekka.

Begge er einige om at det er eit stort svart hol på Sunnmøre, og at der finst artistar i fleng som ønskjer hjelp.

– Vi har treft mykje betre enn vi kunne førestille oss, seier Astrid.

Dei har valt å starte på Sunnmøre, men dei har som mål å ha heile Møre og Romsdal som sitt område. Dei hevdar å vere sjangerblinde, og er interesserte i å hjelpe så mange forskjellige artistar og band som mogeleg. Til og med danseband har dei på klientlista.

– Eg trur at dette er noko Sunnmøre treng, og det viser seg at behovet er der. Vi har fått gode tilbakemeldingar hittil, og sidan vi ikkje har noko å tape gjer vi så godt vi kan for dei artistane som ønskjer hjelp, fortel Rebekka, og legg til at det heile har vore spennande, men også skummelt.

Artikkelen held fram under bildet ...

Rebekka Knotten og Astrid Fuglvaag i Fröd

Astrid og Rebekka har fått massiv respons frå musikarar etter at dei starta Fröd. Dei vil hjelpe til med å heve ambisjonane til talentfulle artistar på Sunnmøre.

Foto: Fröd

Lågterskeltilbod

Astrid er klar på at dei vil vere eit lågterskeltilbod for dei kreative sjelene som sit heime på soveromma sine og lagar god musikk.

– Det er mange utruleg flinke musikarar som kontaktar oss, og som vi ikkje har høyrt om før fordi dei ikkje har turt å satse. Og det er nettopp det vi kan hjelpe til med.

– Ja, lisje Sunnmøre har nok å plukke av, legg Rebekka til.

Blodslit

Dei var frå starten av innstilte på at det kom til å bli eit blodslit. Begge jobbar no i stillingar på 200 prosent, og mindre arbeid blir det nok ikkje. Men dei har trua på at 2015 blir eit godt og hektisk år.

– Det blir lærerikt, og vi kjem til å vekse mykje. 2015 er året vi kjem til å vise kva vi kan. Det blir vanskeleg i starten, men etter kvart skal vi hevde oss som ei bra og spennande bedrift, seier Rebekka.

– Når året er omme skal folk vite kva Fröd er, seier Astrid med glimt i auget.