21-åringen kom med bestemte steg inn på utestaden, og på veg inn knivstakk han fem personar før han blei overmanna. Vitne har fortalt at han gjorde kampsportliknande rørsler før han knivstakk den eine av dei fem.
21-åringen blir beskriven som ein roleg, hyggeleg mann. I retten sa han at han ikkje skjøna korleis han kan ha gjort noko slikt.
– Det er ufatteleg. Eg er ein person som ikkje vil nokon vondt.
(Foto: Scanpix)
Hugsar ikkje
Natt til søndag 7. november i fjor gjekk mannen amok med kniv på utestaden Buona Notte på Åndalsnes. Der knivstakk han fem personar, der tre av dei fekk til dels alvorlege skadar.
Den tiltalte forklarte at han på grunn av stort alkoholinntak ikkje hugsar noko som helst av det han skal ha gjort fram til han vakna på sjukehuset i Molde søndag morgon. Det var likevel ein angrande gjerningsmann som sat på tiltalebenken i dag. Mannen vedgjekk straffskuld for alle tiltalepunkta.
Filmen Troja med Brad Pitt kan ha inspirert knivstikkinga på Åndalsnes. Det kom fram i retten i dag. (Foto: Warner Bros/Sandrew Metronome)
Valdsfilm einaste forklaringa
Filmen Troja med stjerneskodespelaren Brad Pitt blei altså trekt inn som ei mogleg årsak til at 21-åringen knivstakk fem personar. Den tiltalte seier han såg den svært valdelege filmen tidlegare på dagen, og at det han skal ha gjort på utestaden likna på valdsscener frå filmen. I følgje advokaten hans, Olav Bowitz, er valdsfilmen einaste forklaringa han kan gje på ugjerninga.
Aktor i saka, politiadvokat Jørgen Sarheim, har med seg ein kopi av filmen i retten, og det kan kome på tale å vise delar av han seinare i rettssaka. I alt 17 vitne skal forklare seg, og det er sett av tre dagar til saka.