Hopp til innhold

Knivstikking i Ålesund sentrum

Ein mann er frakta til sjukehuset i Ålesund med ambulanse etter at han ved 13-tida hevda seg knivstukken. Skadeomfanget er ukjent.

Knivstikking i Ålesund sentrum

Det var i dette området av Ålesund sentrum at knivstikkinga skal ha skjedd.

Foto: Magnus Gamlem

Tre menn er tekne av politiet i samband med saka.

Dei tre blei tekne av politiet i ei leiligheit like etter at meldinga om knivstikking i Kongens gate kom.

– Vi fekk melding om at ein mann hevda han var knivstukken, og rykte ut til Ålesund sentrum. Der peikte vedkomande ut eit husvære der han meinte dei som brukte kniv, oppheldt seg. Vi gjekk inn og ta no hand om dei tre, opplyser operasjonsleiar Tove Holst Dyrnes til NRK.

Politi i Ålesund sentrum

Politiet var raskt på staden då meldinga om knivstikking kom inn.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Ho kjenner ikkje til alderen til verken han som hevdar seg knivstukken, eller til dei tre som no er ført til politihuset i Ålesund.

– Vi kjenner førebels svært lite til det som skjedde, men etterforskar saker no fortløpande, seier Holst Dyrnes.

Innsatsleiar Lars Lundmo seier til NRK at mannen som skal ha blitt utsett for knivstikking, skal vere lettare skadd.

– Det vi veit er at han var bevisst då han blei henta av ambulansen. No skal vi finne ut kva som har skjedd, og kvifor dette hende, seier Lars Lundmo.