Hopp til innhold

Knekte tenner og slåstkampar i Volda

Det har vore meldingar om slagsmål og vald fleire stadar i Møre og Romsdal i natt. Spesielt i Volda var stemninga amper natt til sundag.

Politibil

VOLDA: Politiet i Volda hadde ekstra mykje å gjere denne haustnatta.

Foto: Sondre Dalaker

Dette er politiloggen natt til sundag.

Klokka 03.18 fekk politiet i Ålesund melding om at to bilar hadde kollidert i Nedre Strandgate i sentrum. Ein person tok seg sjølv til legevakt for sjekk. Ulukka skal ha skjedd då den eine bilen kom ut frå Hellegata og kolliderte med bilen på Nedre Strandgate. Sak blir oppretta av politiet. Utanom det såg det ut til å vere ein roleg kveld for politiet i Ålesund.

Mykje vald i Volda

Til trass for vind og regnvêr hadde politiet i Volda meir enn nok å gjere natt til sundag.

Like etter klokka to natt til sundag blei politiet i Volda kontakta av ein mann i tenåra som skal ha fått ei slag i ansiktet slik at han knakk ei tann. Forholdet skal ha skjedd utanfor ein utestad i Volda sentrum, og mannen vil melde saka til politiet.

Om lag ein halvtime seinare, klokka 02.48, måtte to personar snillast av politiet då det oppstod knuffing mellom dei to ved Statoil i Volda. Begge blei vist vekk frå staden av politiet. Den eine mannen hevdar at den andre skal ha slått han fleire gongar, men politiet kunne ikkje sjå noko personskade.

Nokre minutt seinare, like før klokka tre blei ein person slått ned av ein annan ved Statoil i Volda. Hendinga blei observert av politiet og mannen blei pågrepet umiddelbart. Dein ein personen var i tenåra, medan den andre var i tjue åra. Forholdet blir meldt av politiet.

Vald mot sambuar

For politiet i Nordmøre og Romsdal politidistrikt var også kvelden stort sett prega av alkohol og vald.

Politiet måtte i løpet av natta rykke ut til to ulike valdsepisodar. Ein mann i 20-åra blir meldt for å ha slått sambuaren sin i Fræna. Valden skal ha skjedd i parets felles bustad. Seinare blei ein mann i 30-åra frå Molde meldt for å ha brukt vald mot mora si, samt for å ha brote eit besøksforbod.

Dei andre sakene på politiloggen til Nordmøre og Romsdal politidistrikt var meir av den rolege sorten. Like etter klokka tolv blei ein utanlandsk mann brakt inn og sett i drukkenskapsarrest etter at han hadde forstyrra natteroa til fleire familiar på Dale i Kristiansund.

Litt seinare blei ein mann i 50-åra frå Sunndal tatt hand om av politiet og køyrd heim. Mannen skal ha vore ganske rusa, men i stand til å ta vare på seg sjølv.

Også ein mann i 40-åra i Kristiansund blei funnen sovande ved vegen på Viadukten. Han blei køyrd heim og overlate til frua.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL