NRK Meny
Normal

Knapt ja kan føre til bytte av fylke for Rindal

Innbyggarane i Rindal stemte mandag ja til kommunesamanslåing. Fleirtalet stemte for å sjå nordover og bli ein del av Trøndelag.

Kva veg skal Rindal gå?

Måndag kveld stemte innbyggarane i Rindal for å sjå nordover mot nabofylket.

Foto: John J. Storholt

I dag var siste dag i folkerøystinga i Rindal. Og i tillegg til «null-alternativet» som det heiter viss ingen ting blir forandra, så hadde kommunen to alternativ til samanslåing. Det var enten med Surnadal og Halsa, eller med trøndelagskommunane Agdenes, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun og Snillfjord.

Med ei valdeltaking på 58,5 prosent viser resultata frå folkerøystinga eit knapt fleirtal for samanslåing. Det var Orkdalsalternativet som fekk flest stemmer.

Ordførar Ola T. Heggem frå Senterpartiet er ikkje overraska over resultatet.

– Eg føler at det ein Orkdals-vind har blåse over Rindal dei siste dagane. Det som overraskar meg meir er at det er ei overvekt av ja-stemmer, seier han.

  • Les også:

Legg vekt på resultatet

Før folkerøystinga hadde Rindal kommune allereie gjennomført ei spørjeundersøking blant eit stort utval av dei over 18 år. Det har og vore folkemøte og møte med utvalde grupper, samt ei høyring der det har vore mogleg å kome med skriftlege innspel.

Ola T. Heggem i Senterpartiet, ordfører i Rindal

Ordførar i Rindal, Ola T. Heggem, fortel at dei vil legge stor vekt på resultatet i folkeavrøystinga.

Foto: Trond Vestre / NRK

Heggem er fornøgd med den høge valdeltakinga og seier at kommunen i stor grad vil ta omsyn til synspunkta til innbyggarane i det vidare arbeidet med kommunereforma.

– Det er eit tydeleg signal frå innbyggarane. Når oppmøteprosenten i tillegg nærmar seg 60 %, så er det klart at vi må legge stor vekt på resultatet. Vi kan ikkje invitere til både folkeavrøysting og innbyggarundersøking, og så ikkje legge vekt på det, seier han.

22. juni skal kommunestyret vurdere det som kom fram i folkerøystinga måndag kveld. Men det er likevel mykje som peiker på at Rindal kan vere på veg ut av Møre og Romsdal.

– Slik som det ser ut no ligg det an til ei kommunesamanslåing i Rindal, seier Heggem.

Har ein søknad om å skifte fylke

Rindal kommunen har allereie inne ein søknad i departementet om å byte fylke for å bli ein del av Trøndelag.

– Den søknaden er truleg ikkje relevant lenger dersom vi blir ein del av Orkdal kommune. Då blir vi automatisk ein del av nye Trøndelag fylke. Men om vi held fram aleine, så vil vi nok behalde den søknaden og bli trønderar sjølv, seier Heggem.

– I desember ser vi truleg konturane av ei regionreform der ein kanskje ein større del av Nordmøre blir ein del av Trøndelag, det står att å sjå, held han fram.