Hopp til innhold

– Dobling av sesongkortsalet frå i fjor

Den store interessa for årets sesongkort gjer at Kristiansund BK no vurderer å utvide stadion med ei ekstra tribune.

KBK ble seriemestere

I oktober kunne KBK feire både opprykk og seriegull. No kan dei også feire rekordstor interesse for sesongkortsalet.

Foto: Tøsse, Anders / NTB scanpix

I oktober kunne Kristiansund BK feire både opprykk til eliteserien og seriegull. Fram til i går kunne sesongkorthaldarar fornye sine kort, og interessa har ikkje latt vente på seg.

– I heile fjor selde vi rundt tusen sesongkort, no har vi selt eitt par tusen. Vi har altså dobla salet før det offisielle sesongkortsalet har starta, sa Frank Nilsson, marknadskonsulent i Kristiansund BK til NRK like etter klokka 10.00.

I dagtidleg klokka 07.00 blei dei også dei resterande sesongkorta lagt ut for sal på KBK sine nettsider. Totalt er det plass til rundt 3.000 på Kristiansund stadion.

– Akkurat no har vi omtrent 300 sesongkort igjen til sal. Vi selde rundt 500 sesongkort mellom klokka sju og ni. Det har vore heilt fantastisk, seier Truls Skar Helland, driftssjef ved Kristiansund stadion.

Ny tribune

Interessa for årets sesongkortsal har vore større enn det klubben nokon gong kunne drøym om, seier Nilsson.

Kirstiansund feira opprykket

Slik feira KBK årets sesong.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det har vore ei enormt merksemd. Sjølv hadde eg rundt 37 mobilsvar på mobilen og mange meldingar då eg vakna i dag tidleg. Vi hadde håpt på stor interesse, men hadde ingen aning om at det ville bli eit så stor interesse, det er heilt fantastisk, seier han.

Den store interessa for sesongkort gjer at Kristiansund BK no vurderer å utvide stadion med ei ekstra tribune.

– Vi kjem mest sannsynleg til å sette opp ei ekstra tribune på den siste kortsida. Vi er nøydd til å gjere det for å få plass til fleire. Då vil vi kunne få plass til rundt 4.100, seier Nilsson.