Hopp til innhold

Knallhard kamp om plassane

I dag går startskotet.

Stortingsbygningen speilet seg i blankpolert steinflate i Oslo.

Laurdag er kampen om stortingsplassane i Møre og Romsdal i gang for fullt.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

Arbeidarpartiet, Venstre og SV er først ute med nominasjonsmøte. Alle har møte i Molde laurdag.

NRK sin politiske kommentator Trond Vestre seier at det ulmar kraftig under overflata i Arbeidarpartiet.

Lokallaget i Kristiansund ønskjer ein annan toppkandidat enn Else May Botten. Trond Vestre reknar med at Botten endar opp på topp. Men han trur det blir ein tøff debatt.

LO-MIDDAG

NRKs kommentator reknar med at Else May Botten får halde fram på Stortinget. Jens Stoltenberg er ute av norsk politikk.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix
Yvonne Wold

Nominasjonskomiteen i SV vil ha Yvonne Wold frå Rauma som listetopp.

Foto: Trond Vestre / NRK

I SV blir det kamp om førsteplassen. Nominasjonskomiteeen vil ha Yvonne Wold frå Rauma, medan andre kjempar for Line Karlsvik frå Kristiansund. Så gjenstår det å sjå om SV i det heile har sjanse til å kunne ta eit mandat i Møre og Romsdal.

Ingen kamp i Venstre

I Venstre blir det nok ingen kamp om førsteplassen. Stortingsrepresentant Pål Farstad endar nok opp der. Men også Venstre må kjempe for å kunne forsvare plassen på Mørebenken på Stortinget.

Pål Farstad

Pål Farstad tar gjerne fire nye år på Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

Blant partia med nominasjonsmøte seinare i haust er det mest ope i Framstegspartiet. Både fylkespolitikar Frank Sve frå Stranda og statsråd Sylvi Listhaug frå Ørskog vil ha førsteplassen.

– Eg trudde dette var avklart

I Høgre kan det bli kamp om andreplassen. Helge Orten frå Midsund er sikker på første, men Marianne Synnes frå Ålesund er sett opp på ein andreplass ho kjem til å bli utfordra på.

I Senterpartiet er Jenny Klinge sjølvskriven førstekandidat. Vestnes-ordførar Geir Inge Lien seier at han vil utfordre Marit Nerås Krogsæter frå Haram, som av komiteen er sett opp på andreplassen.

Jenny Klinge på Sp-toppen

Kristeleg Folkeparti har den mest opne og spennande nominasjonsprosessen. Der er det førebels uklart kven som aspirerer til å kunne ta over etter Rigmor Andersen Eide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL