Hopp til innhold

Knallhard kamp om merksemda i popbransjen

Toppartistar frå Møre og Romsdal må kjempe hardt for å halde seg i søkelyset i Oslo.

Jenny Langlo, Stine Hole Ulla, Knut Marius Djupvik

Jenny Langlo, Stine Hole Ulla og Knut Marius Djupvik har alle vunne si talentkonkurranse.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Artistar frå Møre og Romsdal har vunne mange av dei store songkonkurransane på TV dei siste åra.

Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord stakk av med sigeren i The Voice i 2013, Stine Hole Ulla frå Sykkylven vann Norske Talenter i 2012 og stordalingen Jenny Langlo gjekk til topps i Idol i 2011.

Viktig å halde seg varm

Jenny Langlo

Stordalingen Jenny Langlo gjekk til topps i Idol i 2011.

Foto: Andreas Sundby / NRK
Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla frå Sykkylven vann Norske Talenter i 2012.

Foto: Andreas Sundby / NRK
Knut Marius Djupvik

Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord stakk av med sigeren i The Voice i 2013.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Men i popbransjen er det fort gjort å bli gløymd, og ein kan ofte møte motgang.
Dei unge artistane må gjere alt dei kan halde for å halde seg inne i musikkbransjen i Oslo.

Jenny Langlo fortel at utfordringa er å halde seg varm som artist.

– Utfordringa er å vere aktuell heile tida, men samtidig ikkje slite seg ut, seier ho.

Djupvik er samd.

– Det er viktig er å levere kvar gong. Knytte kontaktar, bli kjent med folk, vise at du er der og vise at du har lyst, seier han.

Oppturar og nedturar

Stine Hole Ulla innrømmer at livet som artist byr på mange oppturar og nedturar. Ho meiner det er viktig å bruke både det positive og det negative ho opplever.

– Det er når ein møter motstand at ein må lære seg å tenke positivt og bruke det ein opplever til noko nyttig, seier ho med eit smil.

Heile innslaget med den musikalske trioen kan du sjå her:

Artistar frå Møre og Romsdal har vunne mange av dei store songkonkurransane på TV dei siste åra. Men i popbransjen er det fort gjort å verte gløymd, og ein kan ofte møte motgang.
Dei unge artistane må gjere alt dei kan halde for å halde seg inne i musikkbransjen i Oslo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL