NRK Meny
Normal

Knallår for Tresfjordbrua

I overkant av ein halv million bilar har passert Tresfjordbrua sidan opninga for eitt år sidan. Det merkast også i Tresfjorden.

Tresfjordbrua eit par veker før opning

Dagleg køyrer nesten 1900 bilar over Tresfjordbrua og totalt 510.000 bilar har passert brua sidan opninga 24. oktober 2015.

Foto: Statens Vegvesen

Erna Solberg klipper snora på Tresfjordbrua

Tresfjordbrua blei opna av statsminister Erna Solberg.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I dag er det eitt år sidan brua over Tresfjorden i Vestnes blei offisielt opna av statsminister Erna Solberg.

Dagleg køyrer nesten 1900 bilar over Tresfjordbrua og totalt 510.000 bilar har passert brua sidan opninga 24. oktober 2015.

– Talet på bilar aukar jamt og trutt for kvar månad som går. Det er veldig positivt og eit mykje større tal enn det Statens vegvesen hadde forventa, seier

Kan bety kortare nedbetaling

Trafikken over Tresfjordbrua har nemleg vore 22 prosent høgare enn det som var forventa, noko som betyr at lånet på 780 millionar kan bli nedbetalt før det har gått 15 år.

Roald Fiksdal styreleder Eksportvegen AS

Roald Fiksdal, styreleiar for Eksportvegen AS, er fornøgd med trafikken over Tresfjordbrua det første året.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det at det kjem inn meir pengar betyr at vi kan betale ned lånet i eit raskare tempo. Dersom det held fram på denne måten kan det vere nedbetalt på 10 år, seier Fiksdal.

Men han meiner at den nye brua også har hatt fleire fordelar enn berre økonomisk.

– Det har hatt ei kjempeeffekt trafikalt. Mange har fått ein kortare veg, samtidig som trafikksikkerheita har blitt mykje betre.

– Vi har fått ein tryggare veg enn den som gjekk rundt Tresfjorden, noko som også var eit av argumenta då bygginga av Tresfjordbrua blei bestemt av Stortinget i si tid, seier Fiksdal.

– Tryggare

Det lokale næringslivet i Tresfjorden frykta konsekvensane av mindre gjennomfartstrafikk som følgje av den nye brua. Eitt år seinare, ser det likevel ut til å vere god stemning I Tresfjorden.

Rigmor Olsen

Ved Spar i Tresfjorden har opninga av Tresfjordbrua ikkje hatt så negative konsekvensar som først frykta.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er klart vi var veldig spente då brua opna, men det har gått bra. Vi har mange trufaste kundar, og i tillegg har det vore mykje turistar her i sommar. Vi har også fått ein sykkelsti rundt Tresfjorden som har blitt veldig populær, seier Rigmor Olsen ved Spar Tresfjord.

Og ikkje minst, Tresfjorden slepp like mykje tungtrafikk som tidlegare.

– Ja, det er utruleg godt å sleppe den. Det er mykje tryggare her no, seier Olsen.