Klumpane framleis mysterium
Ulstein kommune startar granskinga av dei mystiske klumpane på Osnessanden måndag. Vikebladet/Vestposten skriv laurdag at klumpane truleg ikkje stammar frå reinseanlegget på Halsen. Renseanlegget er sjekka og det skal ikkje vere noko lekkasje derfrå. Dermed er det framleis eit mysterium kvar klumpane kjem frå.